Tilsyn frå Arbeidstilsynet hos heimetenesta i Hareid kommune
Hareid kommune fekk to pålegg som no er retta opp.
Photo by Rémi Walle on Unsplash
Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.
Den 23.05.2019 hadde heimetenesta, Hareid kommune, tilsyn frå Arbeidstilsynet. Hensikta med dette tilsynet var å sikre at det vert arbeidd systematisk med å forebygge fysiske og psykiske skadeverknader knytt til arbeid i heimetenesta.
Vil du ha nyheiter frå Hareid kommune rett i innboksen? Meld deg på nyheitsbrev her.
Arbeidstilsynet gav to pålegg etter tilsynet:
- Hareid kommune måtte forbetre kartlegginga og risikovurderingane ved arbeidssituasjonar som kan føre til at arbeidstakarane blir utsette for vold, truslar om vold og andre uheldige belastningar som følgje av kontakt med andre. Det var også viktig at heile verksemda blei inkludert sidan mange arbeider aleine. Arbeidsgjevar skulle ifølgje pålegg lage planar og sette i verk aktuelle tiltak i samarbeid med verneombod.
- Arbeidstilsynet gav også pålegg om at bedriftshelsetenesta skulle hjelpe til i arbeidet med å oppfylle pålegg nemnd ovanfor.
Heimetenesta i Hareid kommune ved leiing og verneombod arbeidde systematisk med pålegg saman med Stamina bedriftshelseteneste og fekk 24.01.20 tilbakemelding frå Arbeidstilsynet om at pålegg var oppfyllt. (PDF, 794 kB)
Publisert 17.02.2020 15:43
Sist endra 20.02.2020 13:40