Tips ein ven i Oslo om «Bli med hit» - Hareid kommune

Tips ein ven i Oslo om «Bli med hit»

Måndag 20. april reiser ordførar Bernt Brandal og prosjektleiar i Vekst i Hareid, Christine Erdal, til Oslo for å delta på rekrutterings- og tilflyttarmessa Bli med hit. No ønskjer Hareid kommune at innbyggarar og utflytta hareidingar tipser vener, familie og kjende i Oslo-området om arrangementet.

to personar som står på kaia i Hareid sentrum - Klikk for stort bileteDu vil møte ordførar Bernt Brandal og prosjektleiar i Vekst i Hareid, Christine Erdal, på Clarion the Hub måndag 20. april klokka 16. Erlend Friestad

Messa går føre seg på Clarion Hotel The Hub måndag 20. april klokka 16.00–18.30, og er open for alle interesserte. Det er gratis inngang og enkel servering.

Viser fram moglegheitene i regionen

Bli med hit er eit arrangement for heile Møre og Romsdal, der kommunar og bedrifter saman viser fram jobb- og bu-moglegheiter i fylket. På standen for Søre Sunnmøre samarbeider kommunar og næringsaktørar om å presentere regionen som ein attraktiv stad å bu og arbeide.

– Dette er ei viktig satsing for å få fleire til å oppdage kva moglegheiter som finst på Søre Sunnmøre. Vi ønskjer å nå både dei som vurderer å flytte no, og dei som kanskje berre er nysgjerrige, seier ordførar Bernt Brandal.

 

Kvifor Hareid?

Hareid kommune deltek for å vise fram kvardagslivet på Hareid og Sunnmøre – med jobb, bulyst og livskvalitet i sentrum. Hareid er ein kommune med korte avstandar og høg livskvalitet. Vi kallar oss som «5-minuttsbygda», der jobb, barnehage, skule, fritidsaktivitetar og andre kvardagsmål ligg tett på kvarandre. For mange betyr det mindre stress og meir tid – til familie, vener og eigne interesser.

Samstundes er Hareid ein del av eit sterkt sunnmørsk arbeidsmarknad, med variert næringsliv og gode moglegheiter innan fleire bransjar. Her er det mogleg å kombinere ein spennande jobb med ein enklare kvardag.

 

Mange arbeidsgjevarar – også frå Hareid

På messa får deltakarane møte ei rekkje spennande arbeidsgjevarar frå Møre og Romsdal. Frå Hareid er mellom anna Jets representert med eigen stand.

– For mange er jobbmoglegheiter avgjerande når ein vurderer å flytte. Difor er det viktig for oss at bedriftene våre er synlege og tilgjengelege, seier prosjektleiar i Vekst i Hareid, Christine Erdal.

 

Oppmodar til å tipse vidare

Hareid kommune oppmodar no alle som har kontaktar i Oslo-området til å tipse dei om arrangementet.

Kjenner du nokon som er nysgjerrige på nye jobb- og bu-moglegheiter, eller som vurderer å flytte heim att til regionen, kan Bli med hit vere ein god stad å starte.

Les meir om arrangementet og hent ut gratis billett her.