Tradisjonsrik partidugnad til postkassene

Partia som stiller til val i Hareid har hatt dugnad for å sende ut vallister og program til alle innbyggarane i kommunen.

Oversiktsbilete frå galleriet i kommunestyresalen som viser representantane som pakkar brosjyrer - Klikk for stort bileteDet var godt oppmøte då partia i fellesskap pakka og køyrde ut valkampmateriell til innbyggarane i Hareid. Annika Brandal

Det er ein tradisjon i Hareid at partia som stiller til val i kommunen samarbeider for å få ut informasjon om kven som stiller og kva program dei stiller på.

Tysdag møttest dei i kommunestyresalen der dei la inn listene og programma i ein felleskonvolutt, og så samarbeida dei om å køyre ut konvolutten til alle husstandane i kommunen.

Partirepresentantar pakkar valkampmateriell. - Klikk for stort bilete Annika Brandal

I tillegg til dei lokale programma finn du også fylkesprogrammet til alle dei lokale partia* i tillegg til Kristeleg Folkeparti.

LES OGSÅ: Her kan du førehandsrøyste i Hareid kommune

Dessverre var Arbeidarpartiet sin brosjyre forseinka, så alt materiell frå dei vil kome i postkassene på eit seinare tidspunkt.

Spørsmål knytt til innhaldet i denne konvolutten må rettast til partia. Du finn kontaktinformasjon på nettsidene eller Facebook-sidene deira.

På laurdag kan du også møte alle partia på stand i sentrum mellom klokka 11-15. Klokka 15 blir det også politisk debatt.

* INP si fylkesbrosjyre var forseinka

LES OGSÅ: Klarer du ikkje å kome deg til vallokalet? Då kan vi kome heim til deg.