Pexels.com
Frivilligsentralen samarbeider med mange frivillige om å dele ut slike kassar til dei som treng det. Hareid frivilligsentral er driven av Hareid sokn, men er finansiert av tilskot frå Hareid kommune.
Har du behov, kan du melde det inn til dagleg leiar i Hareid frivilligsentral. Det gjer du anten på e-post: frivilleg@hareid.kommune.no eller på telefon 41 93 02 82.
Du må opplyse om namn, adresse, telefonnummer, kor mange de er i familien og alder på eventuelle barn (på grunn av julegåver). Merk også om du kan hente kassa sjølv, eller om du må ha ho levert.
Siste frist for å melde behov er torsdag 5. desember klokka 15.00.