Tusenårskaia: Slik ser det ut no. Sjå korleis det vil bli

Arbeidet med Tusenårskaia er godt i gang. Her kan du sjå skisse av korleis kaia skal sjå ut.

Dronebilete av arbeidet med Tusenårskaia. Pæler som stikk opp av sjøen. - Klikk for stort bilete Erlend Friestad
Teikning av kaia slik ho vil vere når ho er ferdig - Klikk for stort bileteSlik vil kaia sjå ut når ho er ferdig. Dette blir eit flott tilskot til sentrum

Tusenårskaia er no under bygging og vil verte ferdigstilt i løpet av november / desember i år. Kaia vert ei naturleg forlenging av Tusenårsplassen, som allereie er tillaga.

Den nye kaia har ei kostnadsramme på 5 millionar kroner og med mindre det skjer noko uføresett, vil prosjektet verte realisert godt innanfor denne summen.

Kaia vert i stor grad konstruert med bruk av trykkimpregnert treverk og sidan det vert ikkje nytta kreosotimpregnerte pælar, unngår vi at miljø og menneske vert utsette for miljøgifter. Så her kan du ete softis i trygge omgjevnader, medan du slappar av og studerer livet i hamna.

Det vert noko avgrensa djupne ved kaifronten, så dette er ikkje kaia for dei største fritidsbåtane. Desse blir vist til beredskapsbrygga for hamnebåten «Custos». Ho vi vere kopla til det nordre hjørnet av kaia. Her kan fritidsbåtar ha korte opphald.

Vi har stor tru på at Tusenårskaia vil vert eit kjærkome bidrag til Tusenårsplassen og at desse nyetableringane til saman vil bli gode sentrumsnære rekreasjonsområde for fastbuande og tilreisande Målet er å gjere sentrum endå meir attraktivt

Hareid kommune held på å lage ein strategisk hamneplan for kommunen. Viss alt går etter planen vil den han verte vedtatt av kommunestyret i september. Vi trur at etableringa av Tusenårskaia vil verte eit av fleire tiltak som vil bidra til å oppfylle planen sine målsettingar kring miljø og folkehelse, samt målsettinga om at Hareid skal verte den føretrekte gjestehamna på søre Sunnmøre.