TV-aksjonen: Vil du vere bøsseberar?

Årets TV-aksjon går til Barnekreftforeininga, som skal etablere familiehus ved universitetssjukehusa i Tromsø, Trondheim, Bergen og Oslo. Her kan barn med alvorleg sjukdom og familien deira bu saman medan barnet får behandling.

To jenter med bøsse bankar på ei dør - Klikk for stort bileteI år er aldersgrensa for å gå med bøsse åleine senka til 15 år. Yngre kan gjerne vere med, men då i følgje med ein vaksen. Mikkel Strøm/TV-aksjonen

Familiehusa vil gjere at

  • familiar unngår å bli splitta sjølv om dei bur langt unna sjukehuset.
  • barn med alvorleg sjukdom får ha heile familien hos seg i behandlingsperioden.
  • foreldra kan ta vare på alle barna sine, seg sjølv og kvarandre.
  • søsken blir inkluderte, sette og ivaretekne.
  • familiar kan finne ro og få leve eit meir normalt kvardagsliv i ein vanskeleg situasjon.

 

Slik kan du engasjere deg

Den enklaste måten du kan engasjerer deg i TV-aksjonen på, er å bruke to timar søndag 20. oktober til å gå med bøsse. I Hareid kommune har vi fire oppmøtestadar og vi går frå klokka 15.

Her kan du melde deg som bøsseberar.

 Det er også mogleg å samle inn pengar på andre måtar.

Her kan du få inspirasjon.

Allereie no kan du gi til TV-aksjonen.

Gi her

 

Kvar krone på bøssa gir 11 kroner tilbake

Kvar krone investert i familiehusa er venta å gi 11 kroner tilbake til samfunnet, viser ein ny rapport frå Menon. Familiehus vil frigjere sengeplassar på sjukehusa og ikkje minst bidra til at søsken får vere saman med familien når eit barn blir sjukt. Slik førebyggjer vi utanforskap og traumer hos søsken.

 

Saman for små heltar

Annakvar dag får eit barn i Noreg kreft, og kvar veke blir 10 barn fødde med hjartefeil. Når eit barn blir alvorleg sjukt, blir heile familien ramma. Ofte må barnet reise langt for å få livsviktig behandling, og familien blir splitta i lange periodar.

I familiehusa kan barn med alvorleg sjukdom og familien deira bu saman medan barnet er under behandling. Slik blir søsken også ivaretekne, og familien kan skape gode stunder i ei vond tid.

Familien får moglegheit til å skape eit heim heimanfrå. Dei kan støtte kvarandre gjennom livets vondaste periode og få etterlengta pausar frå sjukehusets alvorstunge korridorar.

Les meir om TV-aksjonen 2024 her.