Ungdomane delte si meining om helse- og omsorgsplanen

- Vi ønsker å høyre dei unge si meining, då helse- og omsorgstenestene våre gjeld heile livet.

Elevrådsleiar Ragna Riise Grimstad overrekte svara frå elevane på Hareid ungdsomsskule på vegne av elevrådet. Konstituert kommunalsjef for velferdsektoren Helga Bøe tek imot. Erlend Friestad  

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Det seier Helga Bøe, konstituert kommunalsjef for sektor for velferd. I desse dagar held Hareid kommune på å lage ein ny helse- og omsorgsplan. Ein kritikk mot den gamle var at det var tatt for lite med i planen om tilbodet til dei yngre.

- Det ville vi gjere noko med, og utfordra derfor ungdomsskulen til å delta i utforminga. Målet er at dei også skal få større eigarskap til planen, fortel Bøe.

Den nye planen er for tida ute på høyring. Der kan alle som vil, kome med tilbakemeldingar før kommunestyret skal gjere endeleg vedtak*. 10. klasse på Hareid ungdomsskule fekk i oppdrag å lage ei spørjeundersøking på skulen for å fange opp kva ungdomane var opptekne av. Det var ikkje lettfortel dei, for planarbeid kan vere tungt stoff, men med kyndig hjelp frå lærar på skulen, Renate Liaset, lagde dei eit spørjeskjema som alle elevar fekk svare på.

- Når vi har gått gjennom planen og laga spørsmåla er det lettare å forstå og svare for dei andre elevane, seier elevrådsleiar Ragna Riise Grimstad. Ho går også i 10. klasse og var med å utforme spørjeskjemaet.

Spørsmåla handlar mellom anna om helsestasjonstilbodet og om dei har trygge vaksne dei kan prate med. Eit spørsmål som dukka opp, men som ein kanskje ikkje tenker høyrer heime samband med ein helse- og omsorgsplan, var kva ungdomane syntest om kollektivtilbodet i kommunen.

Grunngjevinga frå elevane er at nettopp kollektivtilbodet i kommunen har mykje å seie for både den fysiske og psykiske helsa deira.

- Særleg i krinsane er det dei som ikkje kjem seg på fritidsaktivitetar fordi kollektivtilbodet er for dårleg, forklarar lærar Lisaset.

Totalt kom det inn 157 svar. Desse blir så samla og analysert. Viktige innspel blir vurdert tatt med inn i planen. Svara vil også bli lagt fram for kommunestyret slik at dei eventuelt kan ta inn andre innspel i planen.

* Høyringsfristen er 22. november. Her kan du lese meir om korleis du sender inn høyringssvar.