Utandørs symjebasseng, tilsetting av kommunedirektør, regnbogekommune

Dette er nokre av sakene som skal opp i kommunestyret 20. juni.

Under følgjer eit samandrag av sakene. 

 

Du kan lese alle sakspapir og fullstendig sakliste via denne lenka.

 

Her kan du sjå sendingane frå kommunestyret:

Del 1 av kommunestyret:

 

 

Del 2 av kommunestyret

 

Alle sakene har tidlegare blitt handsama av formannskapet som innstiller til kommunestyret. Dette møtet kan du sjå i opptak her:

 

 

 

Brannstasjon og driftsbase for eigedom og uteseksjon

Saka om bygging av ny brannstasjon har vorte behandla i ulike kommunale fora over fleire år og det er særs beklageleg at vi ikkje har kome vidare i saka. Slik saka står i dag er det behov for å bygge ein ny brannstasjon med alle fasilitetar knytt til rein og urein sone, kjønnsdelte garderobar for mannskap, kontor, møterom, ulike lager og vognhall for alle bilar og utstyr til brannvernet. Vi har tidlegare vurdert å bygge om eksisterande stasjon for å ordne opp i utfordringane og det vart også lagt ut ein konkurranse  på dette arbeidet. Dette vart i ettertid vurdert til å ha for høg kostnad i høve til at ein ikkje fekk løyst alle utfordringane og ein gjekk difor vekk ifrå dette alternativet.

Samtidig er det meldt inn behov for nye lokale med ordna sanitærforhold, kjønnsdelte garderobar, pauserom, møterom, ulike lager og verkstadar for uteseksjonen til kommunal teknikk og eigedomsdrift.  

Dersom ein samlokaliserer desse tre einingane i eitt bygg, vil ein dra synergieffektar ut av dette i bruken av bygningsmassen. Brannvernet har særskilte utfordringar knytt til beredskapsarbeid som gjer at for dei er det vanskeleg å dele på garderobar, lager, verkstadar og vognhall. For dei to andre einingane ser vi det som føremålstenleg at dei kan dele på desse funksjonane til ein viss grad. 

Kontorlokale, møterom, pauserom, felles funksjonar (toalett, reinhaldsrom, søppelrom m.m.) kan i stor grad nyttast av alle einingane.  

Fleire tomtar er vurdert, men Hareidsmyrane 14 er den som stettar flest ønske.

Vi kan då utnytte eksisterande bygningar på ein god måte. Noverande brannstasjon kan vere  garasje og lager for kommunalteknikk. Her er også all naudsynt infrastruktur.

Dette vil medføre at vi må rive eksisterande bygg på tomta,  det som i dag er tilhaldsstad for uteseksjonen til kommunalteknikk. Dette bygget er i dårleg forfatning og dersom vi ikkje vil bygge nytt, må vi vurdere omfattande renoveringsarbeid.

Det er kommunestyret som fattar endeleg vedtak.

Tilrådinga frå kommunedirektøren er:

  1. Kommunestyret vedtek samlokalisering av einingane:
    • Brannvesen - brannstasjon
    • Kommunal eigedomm - eigedomsdrift
    • Kommunal teknikk - uteseksjonen
  2. Kommunestyret vedtek bygging av ny brannstasjon og driftsbase på Hareidsmyrane 14.
  3. Kommunestyret ber kommunedirektøren utgreie samlokaliseringa og planleggge ny kombinert brannstasjon og driftsbase, hausten 2024. Finansiering  vert dekt innan gjeldande ramme. 
  4. Kommunestyret ber kommunedirektøren om å innarbeide prosjektkostnaden i investeringsbudsjett for 2025. 

Saka har vore handsama i formannskapet som røysta for kommunedirektøren si tilråding. 

 

Tilsetting av kommunedirektør – innstilling

Stillinga som kommunedirektør vart lyst ut med søknadsfrist 24.mai.2024. Stillinga har vore utlyst eksternt. Etter utløp av søknadsfristen var det kome inn to søknadar.

Tilsettingsutvalet (tilsvarande forhandlingsutvalet) har vore samansett av Bernt Brandal, Oskar Grimstad og Annika Brandal. Tillitsvalte har vore representert med hovudtillitsvalt Ann Kristin Snipsøyr frå Utdanningsforbundet og Fagforbundet ved Agnieszka Wrzesinska.
Av to søkjarar vart ein vurdert som kvalifisert; Bent Arild Grytten. Intervju vart gjennomført 6 juni 2024. Konklusjonen var samstemt. 

Formannskapet har handsama saka og innstilte på at Bent Arild Grytten vert tilsett som kommunedirektør frå 21 juni 2024.

 

Flytande utandørs symjebasseng i gjestehamna?

Symjebassenget ved Hareidhallen er klart for utskifting eller renovering. Administrasjonen har allereie grovt greia ut to alternativ:

Renovere eksisterande symjehall og garderobar. Sum kostnadsramme: 74,4 millionar kroner

Renovere eksisterande garderobar og bygge ny symjehall med ny bassengkjellar. Sum kostnadsramme: 93,2 millionar kroner

 Då kommunestyret handsama saka sist, la dei inn i vedtaket at administrasjonen også skal sjå på andre alternativ som stettar symjeopplæringa og behova slik dei er i dag.

Kommunedirektøren har tolka dette så vidt at eit tredje alternativ har dukka opp: utandørs symjebasseng i gjestehamna. Dette alternativet har ein estimert kostnad på om lag 35 millionar kroner. Kommunestyret får i denne saka moglegheit til å seie ja eller nei til at administrasjonen skal bruke ressursar og kroner på å sjå nærare på dette

Hareid kommune har satsing på særpreg, attraktivitet for innbyggjarane og turisme. I lys av dette vil kommunedirektøren gjerne få belyst alternativet med eit flytande utandørs symjeanlegg. Anlegget vil vere eit annleis alternativ enn innandørs symjehall, noko eigenarta som ikkje finst frå før i regionen. Det er eit viktig poeng at eit slikt symjeanlegg må stette krav til  symjeopplæring i skulen. Førebelse sonderingar viser at krav om symjeopplæring vert stetta ved slikt basseng, men nærare undersøkingar som tek omsyn til lokale tilhøve vil avklare bestemt. Dersom ein ynskjer å ta med utandørs flytande symjebasseng som eit av alternativa som skal utgreiast vidare, så vil det bli arbeidd vidare med eit moglegheitsstudie for prosjektet. Her vil administrasjonen mellom anna vurdere aspekt som tryggleik, risikoanalyse, komplette drifts- og investeringskostnader, driftsanalyse, utfordringar knytt til flo og fjøre, vêrtilhøve og årstider.

Moglegheitsstudiet vil bli dekt inn ved bruk av delar at prosjekteringsmidlane som er avsett til utgreiing av skulen og symjebassenget. Anslagsvis rundt ein halv million av totalt 2,3 millionar som er budsjettert.

Formannskapet innstiller på at kommunestyret seier ja til at administrasjonen skal jobbe vidare med alternativet utandørs basseng.

 

Bustadar for rus og psykiatri (ROP-bustadar)

Kommunane har ei plikt til å hjelpe personar som er vanskelegstilte på bustadmarknaden med bustad. For enkelte grupper gjeld plikta også å  skaffe bustadar med særleg tilpassing og med hjelpe- og vernetiltak for dei som treng det på grunn av alder, funksjonsnedsetting eller av andre årsaker.      

ROP-Bustadar er bustadar særskilt tilrettelagt for personar med utfordringar innan Rus Og Psykiatri. Tilrettelegginga består av ulike ting. Som for eksempel: Forsterka veggar og innreiingar. Små bustadar som er oversiktlege og handterbare Inneheld dei mest basale tinga. Soverom, bad og kjøkken/stove. Skjerma frå omgjevnadane, men sentrumsnært. Hareid kommune har per i dag ingen slike bustadar å tilby dei personane som har dette behovet. Slik saka står no må vi nytte kommunale bustadar til  formålet. Dette er uheldig på fleire område. Omsyn til naboar er ein, storleik på bustaden ein annan.

Kommunale bustadar som blir brukt til denne gruppa må etter ei viss tid renoverast for store summar. Då må desse bebuarane over i ny kommunal bustad, som igjen blir utsett for same store slitasje.

Kommunane må også betale dagbøter på mange tusen når dei ikkje kan tilby forsvarleg opphald til personar som er utskrivingsklare frå  spesialisthelsetenesta i rus og psykiatri. For Hareid kommune sin del er situasjonen prekær då det vil kome utskrivingsklare pasientar som kommunen per no ikkje har eit forsvarleg tilbod til.

Forslaget som no ligg føre er å etablere to bustadar på ei mellombels tomt. Desse skal vere av type mikrohus på under 30 kvadratmeter.

Administrasjonen har vurdert tre alternative plasseringar av desse bustadane:

  • Raffelneset 22
  • Strandgata 161
  • Pålhaugen

 

Då formannskapet handsama saka gjekk dei for kommunedirektøren si tilråding som var slik:

1.   Kommunestyre vedtek bygging av mellombelse ROP-bustadar som skissert i saka.

2.   Kommunestyret gjev kommunedirektøren fullmakt til å finne føremålstenleg tomt / plassering av bustadane.

3.   Kommunestyret gjev kommunedirektøren i oppgåve å utgreie alternative permanente plasseringar av bustadane innan utgangen av 2025.

4.   Når det gjeld finansieringa syner ein til  sak om budsjettrevisjon, der tiltaket er finansiert innan gjeldande ramme.

 

Hareid som regnboge-kommune?

Heilt til slutt i møtet skal kommunestyret ta stilling til ein interpellasjon frå Ole Frank Bakken (H),  Jeanette Teigene (Frp) og Annika Brandal (V).

Dei ønsker at Hareid kommune skal bli ein regnbogekommune.

“Vi ser ei urovekkande oppblomstring av motstand mot skeive og det er innført LHBT-frie soner i land i Europa. Vi kan nok ikkje drive med utanrikspolitikk i Hareid. Men også vi kan bidra til synlegheit, respekt og seie tydeleg i frå om korleis våre innbyggarar skal ha det i Hareid”, skriv dei.

Dei har også lagt ved eit forslag til vedtak, som lyder:

Hareid kommune skal vere ein kommune for alle – uavhengig av kjønn, religion, seksuell orientering, funksjonsevne, etnisitet og sosial bakgrunn.

  • Hareid kommune skal vere ein kommune utan diskriminering
  • Kommunen skal flagge regnbogeflagget under Bygdepride-veka. 
  • Kommunen vil støtte tiltak som bygg bruer mellom ulike grupper i Hareid
  • Kommunen vil sørge for at born i Hareid lærer om likeverd, menneskerettar og anti- diskriminering så tidleg som mogleg.
  • Hareid kommune skal bidra til synleggjering av det skeive miljøet og profilere seg som ei LHBTIQ+–vennleg kommune.
  • Hareid kommune skal jobbe for å skape større tryggleik for minoritetar som bryt med normer for kjønn, kjønnsuttrykk og seksualitet 

 

Her kan du lese heile interpellasjonen.