Vakker kunstgåve til Hadartun

Fem vakre tekstilbilete laga av Margaret Vikhagen fekk i helga ny heim på Hadartun.

Annika Brandal avdukar kunstgåva som er gjeve til sjukeheimen på Hareid - Klikk for stort bileteKunstnaren Margaret Vikhagen har laga den vakre tekstilkunsten som frå no av vert å sjå på Matstovå på Hadartun. Både varaordførar, tilsette og bebuarar takka for den fine gåva laurdag. Sissel Anita Riise   

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Laurdag ettermiddag kunne etterkomarane til kunstnaren overrekke kunstverket - 5 vakre tekstilbilete som no skal pryde eine langveggen i Matstovå.  

– Mor var fødd i Hjørungavåg og vaks opp der. Ho var glad i kommuna og vende kvart år tilbake for å tilbringe sommarane i barndomsheimen, der det og vart etablert eit atelier. Margaret døydde i april 2020 og ligg gravlagd på Hareid kyrkjegard. Vi syskjena ønska å gje eit av hennar verk til sjukeheimen og håper det kan vere til glede for dei som bur her, sa sonen Håvard Vikhagen.

Håvard Vikhagen peiker på kunstverket og fortel om motiva. - Klikk for stort bileteHåvard Vikhagen tok dei frammøtte gjennom temaet som ga Margaret inspirasjon til det kunstverket syskjena no valde å gje til Hareid kommune og sjukeheimen: «Kristin Lavransdatter» av Sigrid Undset. Sissel Anita Riise    
Margaret Vikhagen var først og fremst sjølvlærd kunstnar, mala heile livet - og var med på fleire utstillingar. Då ho vart vaksen vart ho engasjert i, og særs dyktig på, tekstilkunst. Ho arbeidde med ulike teknikkar for å få fram djupne i bileta - klassisk applikasjonsteknikk med tekstilbitar i collage, transparente stoff for å skape djupne - og i tillegg, broderi mellom og på tekstilane. Formspråket hennar gjekk i figurativ naivistisk retning og var alltid fargesterkt.

Detaljar frå eit av tekstilbileta. - Klikk for stort bileteDei frammøtte let seg imponere av den utrulege detaljrikdomen og det utsøkte fargespelet i bileta. Sissel Anita Riise Varaordførar Annika Brandal avduka kunsten og takka varmt for gåva.

– At familien til Margaret Vikhagen vil gje denne gåva til Hadartun, er ei ære. Dette er ei fargerik gåve til glede for så mange. Ei gåve som kan bidra til samtalar anten ein studerer det sjølv eller saman med andre, eller om det berre er noko vakkert å kvile augene på i Matstovå, sa Brandal før ho avduka verket og den nydelege bildefrisen med dei fem motiva kom til syne.

Ho nytta og høvet til å framheve kulturbygda Hareid med sitt mangfald av dyktige kunstnarar. Hareid kunstlag sine utstillingar i samband med Hareidstemna og Opplev Hareid gjev oss mange fine opplevingar, der også Margaret Vikhagen har stilt ut sine kunstverk.

Mangfaldig kunstutrykk under Opplev Hareid i 2016 

Mange var samla i Matstovå laurdag ettermiddag – både for å overbringe ein stor takk for gåva og for å markere hendinga med jordbær og cider i høge glas.

Både kunstverk og bevertning fall heilt klart i smak!

Vi håper at mange fleire vil kome innom for å betrakte og nyte synet av denne vakre kunsten!

Les også Vikebladet sin omtale av hendinga