Plan for vegarbeidet:
Bebuarar i aktuelle område får sms-varsling.
Torsdag, 6. oktober
Gravearbeid for oppgradering av Ovravegen på Hjørungavåg startar opp frå morgonen av.
Volda Maskin startar gravearbeidet i nord-enden av Ovravegen mot Hareid Sentrum og arbeider seg mot Hjørungavåg.
Fyrste etappe vert fram til løda ovanfor Ovravegen 45. Vegen der må difor stengast midlertidig.
Bebuarar i Ovravegen 50, 51, 49 og 47 må i denne perioden nytte nedkøyring via Verkstadvegen.
Endring av køyreruta for buss
Bussen vil i perioden som arbeidet pågår køyre følgande rute: Bautevegen, ned Verkstadvegen og vidare mot Hareid.
Alle som skal med bussen må difor gå til Bautevegen, i krysset for avkøyring til Verkstadvegen, for å gå på bussen.
Buss køyrer til vanleg rutetid, men kan få noko tidsforskyvning i forhold til oppsett rutetid på grunn av omkøyringa. Det er difor tilrådd at passasjerar er ute i god tid!