Varsel om skogbrannfare

Det er gult nivå for skogbrannfare på Sunnmøre. Ikkje bruk open eld i skog og mark.

dronefoto frå Plassane mot Ulsteinvik medan det brann i Vikeskaret. Over Eidet kan du sjå all røyken frå brannen på Vikeskaret.  - Klikk for stort bileteI 2021 brann eit stort område i Vikeskaret i Ulstein kommune. Frå Hareid såg vi røyken tydeleg. Då denne brannen starta var farevarselet for skogbrann "berre" gult. Erlend Friestad Kart der fylka Rogaland, Vestland og Møre og Romsdal er markert med gult varsel for skogbrann. - Klikk for stort bilete Varsom.no

Fram til det kjem nedbør av betydning vil det vere skogbrannfare i store delar av Vestlandet, Sunnmøre inkludert. Vegetasjonen er tørr og kan lett starte å brenne, som igjen kan råke store område.

Vêrvarselet viser at det kan kome litt nedbør i starten av neste veke.

Det er Meteorologisk institutt som melder dette via varsom.no.

Normalt bringer Hareid kommune berre vidare farevarsel som har faregrad oransje eller høgare, men når det gjeld skogbrann har vi lagt lista litt lågare. Vi har sett at sjølv med moderat skogbrannfare, kan små brannar kome ut av kontroll i terrenget vårt – seinast i 2021 då det brann eit større området i Vikeskaret i Ulstein kommune. Den gang var farevarselet gult.

Vi minner også om det generelle bålforbodet som trådde i kraft 15. april og varer til 15. september. I denne perioden er det forbode å tenne opp bål og grill (inkludert eingongsgrill) i eller nær skog, kystområde og anna utmark (utmark er det meste av innsjøar og vatn, strender, myr, skog og fjell i Noreg).

Sjølv om det er generelt bålforbod, har du lov til å tenne små «kaffibål» der det er opplagt at det ikkje kan starte ein brann. Dette kan til dømes vere når det ligg snø på bakken eller det har regna lenge. Du kan også grille på stranda i god avstand frå skog og vegetasjon. Slike små kaffibål treng du ikkje søkje om, men vi minner om at du sjølv er ansvarleg for å vurdere om det er trygt!

Er du i tvil, så la vere å fyre opp! 

Det er også lov å grille på tilrettelagde grill- og bålplassar som er godkjende av kommunen. Du kan grille i eigen hage, sjølv om det er generelt bålforbod. Hagane blir rekna som innmark og er ikkje omfatta av forbodet.