Velkomen til storslagen musikal!

Det er tid for den årlege musikalen frå ungdomsskulen og kulturskulen. I år er det ingen ringare enn Shakespeare dei skal bryne seg på.

Utsnitt av plakat til musikalen - Klikk for stort bilete

Hareid musikk og kulturskule og Hareid ungdomsskule har i ei årrekke samarbeida om å produsere musikal med stort hell. I år har dei sydd saman ein musikal som baserer seg på William Shakespeares «Romeo og Julie».

Det var ungdomsskuleelevane sjølve som valde kva musikal dei skulle presentere. Romeo og Julie fekk eit overveldande fleirtal.

Dramastykket har fått ein moderne drakt. Elevane brukar mange visuelle verkemidlar for å forsterke den storslagne historia. Publikum vil få sjå både digital kunst, video og dans. Elevane har også lagt stor vekt på val av musikk, lys, kulisser, kostyme og sminke.

I musikalen deltek dansarar frå både kulturskulen og ungdomsskulen, i tillegg til fleire instrumentalelevar frå kulturskulen.

Elevane har jobba på spreng i haust for å kunne vise publikum på Hareid noko dei kan vere stolt over. Den finaste belønninga man får ved å produsere musikal er all meistringa som dei ulike elevane kjenner på, så denne tradisjonen er det viktig å ta vare på.

Samarbeidet mellom Hareid musikk og kulturskule og Hareid ungdomsskule har vore veldig produktivt i mange år, og vi håpar på mange år til.

Velkomne til musikal onsdag 16. oktober klokka 18 i Hareidhallen. Gratis inngang.