Vil du bli fastlege på Sunnmøre, med kort veg frå kontoret til fjell og fjord?

Seks legar og ein LIS1-lege ventar spent på ein ny kollega. Er det deg?

Mann i solnedgang på veg ned frå Melshornet. - Klikk for stort bileteDenne fjellturen startar ti minutt frå legekontoret. Herfrå ser du både inn fjorden og ut i havet. Erlend Friestad
Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Hareid kommune har ledig nyoppretta fastlegeheimel/kommunal fastlegestilling ved Hareid legesenter AS. Kommunen er medeigar i Hareid legesenter AS, og det er inngått avtalar med gode økonomiske vilkår.

Legesenteret flytta i 2021 inn i vårt nye helsehus, der vi har topp moderne lokale og utstyr for fastlegearbeid, legevakt, oppdatert akuttmedisinsk utstyr og eigen ny legevaktbil. Det er eit godt samarbeid på legesenteret, og god kontakt mellom legar, NAV og dei kommunale helse- og omsorgstenestene.

Les meir og søk her.