Vil du bli vår nye kommunalsjef?

Vi søkjer ein dyktig og utviklingsorientert leiar som vil vere med å byggje framtidas Hareid. Sektor for læring og kultur rommar barnehagar, skular, musikk -og kulturskule og vaksenopplæring / flyktningteneste.

fjellsikteskive i solnedgang - Klikk for stort bilete Erlend Friestad

Du blir ein viktig bidragsytar i den strategiske utviklinga av kommunen, og ein del av leiargruppa til kommunedirektøren.

Kommunalsjefen er administrativ leiar i sektoren. Du er til stades, og står i spissen for sektoren og kommunen. I jobben har du overordna ansvar for fag, økonomi og leiarane dine. Du ser heilskapen, er god på gjennomføring og skapar tillit og engasjement kring deg. 

Les meir og søk her: Søknadsfrist 18. juni.