Vil du leie navet i Hareid kommune?

Servicetorget og politisk sekretariat er på mange måtar navet i Hareid kommune.

dronebilete av Hareid teke i retning ytre Hareid. - Klikk for stort bilete Erlend Friestad

Her har vi direktekontakt med både innbyggarane og dei folkevalde. Vi handterer sentralbord, arkiv, innbyggardialog, gir støtte til dei folkevalde og er sekretærar i dei folkevalde møta. Vi er sakshandsamarar og har fag- og/eller gjennomføringsansvar for mellom anna val, personvern, internkontroll, digitalisering og kommunikasjon.

No treng vi ein ny leiar!

Søknadsfrist 12. august.

Her kan du lese meir om stillinga og søke.