Vil du vere leiar på sjukeheimen?

Vi er på jakt etter deg som er ein stabil leiar og engasjert pådrivar for dei viktige tenestene vi skal yte. Du har teft for resultat og utvikling.

Vårleg bilete av sjukeheimen teke frå parkeringsplassen. - Klikk for stort bilete Erlend Friestad
Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Stillinga som er ledig er einingsleiar for bu- og langtidseininga ved Hareid sjukeheim. Du vil ha ansvar for personal, drift, organisasjonsutvikling, fagleg utvikling og økonomi. Som einingsleiar er du med i leiargruppa, og rapporterer til kommunalsjef i sektor for velferd. Vi er i stadig utvikling, og det kan bli endring i organisering og oppgåver.

Les meir og søk her!