Vintersesongen for Stikk Ut er over

Her kan du sjå kva turmål som var mest populære.

Rotarystien med Hareidselva på høgre side. Det er vinter, like før soloppgang. Alle tre og marka er dekka av frostrim. - Klikk for stort bilete Erlend Friestad

2. påskedag var siste dag for vintersesongen til Stikk Ut. Det har vore ein vinter som har lagt til rette for vinterfotturar.

Av turmåla i Hareid var det Rotarystien som var mest populær med heile 2881 registreringar, og dermed den mest populære turen på heile Hareidlandet.

Deretter fylgjer:

  • Gamleåsen med 1266 registreringar,
  • Kvitneset med 1240 registreringar,
  • Skafjellet vinterfottur med 760 registreringar
  • Alskleiva med 238 registreringar.

 

Det er kjekt å sjå at det er så stor aktivitet!

No er det ei kort pause før hovudsesongen med Stikk Ut startar 1. mai og varer til 31. oktober.

Det vil kome informasjon om årets sommar-stikk-ut-turar om ikkje lenge.