Visste du at Hareid kommune er ein BTS-kommune?

I Hareid kommune skal det vere trygt og godt å vekse opp. Likevel kan det oppstå utfordringar og vanskar som gjer at ikkje alle har det så bra.

portrett Silje Kiperberg Aksnes - Klikk for stort bileteSilje Kiperberg Aksnes har vore prosjektleiar for BTS. No gå ho over i anna stilling. Hareid kommune

«Kva er ein BTS-kommune?» tenker du kanskje. Det skal du få vite her. Vi ynskjer vi å sikre at alle born og unge skal få den hjelpa dei treng, og helst på eit tidleg tidspunkt. BTS står for Betre Tverrfagleg Samhandling og er ei satsing som skal hjelpe oss i dette arbeid.

Dette arbeidet starta i Hareid kommune i januar 2022 med tilskotsmidlar frå Bufdir. Målet er at alle barn skal få rett hjelp til rett tid, og at vi kan kome inn tidleg med tiltak før problema blir store. BTS er ei satsing som er felles for alle einingar og sektorar i kommunen.

Det er Silje Kiperberg Aksnes som har jobba som prosjektleiar for BTS i Hareid kommune. Ho har gjort ei fantastisk jobb, med stort engasjement som vi er svært takksame for.

Vi vil gjere vårt beste for å fange opp og hjelpe barn og unge som treng det. Kanskje har du sett knappen på framsida til hareid.kommune.no  der det står «Er du bekymra for eit barn eller ein ungdom?» Viss du trykker på den kjem du inn på BTS-nettportalen. Denne skal hjelpe oss alle, tilsette og privatpersonar, til å vite kva vi skal gjere om vi er bekymra for nokon. Her finn vi informasjon for tilsette som arbeider med barn og unge, og for vaksne som er bekymra nokon ein er trenar for, eit nabobarn eller liknande. Her er også ei eiga side for barn og unge med informasjon om kva dei kan gjere og kven som kan hjelpe dei om dei er bekymra for seg sjølve, sysken eller venar.

Vi har som nemnt hatt tilskotsmidlar frå Bufdir til dette arbeidet, men frå juni i år har vi ikkje lenger slike midlar. Men det betyr ikkje at arbeidet skal stoppe opp, vi vil halde fram med dette viktige arbeidet.

Alle har eit ansvar og alle kan hjelpe.

Her kan de gå inn på nettportalen og lese meir.