Kva meiner du om forslaget om å leggje ned Hareid barnehage?

Kva meiner du om forslaget om å leggje ned Hareid barnehage?

I sak om endra barnehagestruktur føreslår administrasjonen å leggje ned Hareid barnehage. Det vil kunne spare kommunen for to millionar i året.

eksteriørbilete Hareid barnehage - Klikk for stort bilete Erlend Friestad

Formannskapet har vedteke å sende saka ut på høyring. Det betyr at alle som ønsker det kan leggje fram si meining.

Etter høyring skal saka opp til ny handsaming i dei folkevalde organa, og til endeleg vedtak i kommunestyret, tidlegast 20. mai.

 

Om saka

Hareid kommune har svært god barnehagedekning og ledig kapasitet både i dei kommunale barnehagane og den private. Per no er det 26 barn i Hareid barnehage. Desse vil bli prioriterte over nye søkjarar om Hareid barnehage blir lagt ned.

 

Alternativ 1: Renovering og modernisering Hareid barnehage, bygd i 1976, treng omfattande renovering for å møte dagens standardar. Dette inkluderer skifting av vindauge, oppgradering av garderobeforhold og tilpassing for barn med særskilde behov. Trafikk- og parkeringsforholda må også betrast. Barnehagen har ei god lokalisering og eit kulturelt mangfald som gir barna innsikt i andre kulturar. Renovering vil føre til auka kostnadar, men tilsette vil sleppe å endre arbeidsstad.

 

Alternativ 2: Nedlegging Ved å legge ned Hareid barnehage, vil barna bli fordelt på andre kommunale og private barnehagar. Dette vil redusere driftskostnadane og gi eit større fagmiljø for dei tilsette. Kommunen kan selje bygget og tomta for å frigjere kapital. Nedlegging vil også vere meir økonomisk berekraftig på lang sikt. Kommunen vil spare over to millionar kroner årleg på å leggje ned barnehagen.

 

Konklusjon Administrasjonen meiner at nedlegging av Hareid barnehage er det mest framtidsretta alternativet for kommunen. Dette vil sikre ein berekraftig barnehagestruktur og betre økonomi for Hareid kommune i åra som kjem.

 

Slik fortel du oss kva du meiner

Du kan sende inn høyringssvar på tre måtar:

  1. skjema – svar på dette skjemaet – eit enkelt spørjeskjema der du kan skrive kva du meiner om forslaget
  2. send ein e-post til postmottak@hareid.kommune.no – beste alternativ om du har filar du vil leggje ved
  3. Papirbrev kan du sende til Hareid kommune, Rådhusplassen 5, 6060 Hareid

 

Frist for å sende inn høyringssvar er 21. april.

 

Dette meiner andre

Vi vil fortløpande fram til høyringsfristen leggje ut høyringssvara vi får inn - nyaste innspel nedst:

 

Frå Anonym:

Akkurat i denne saka, er nedlegging det mest foruftige og framtidsretta.

 

Frå Anonym:

Alternativ 2 meiner eg er best. Men da må syverplassen få på plass nødvendig inventar i dei nye tilbygga.

 

Frå Anonym:

Spar penga en anna plass en på barn. Må vell ver en anna plass dokke sløsa penga.

 

Frå Anonym:

Sparing av 2 millioner per år er ikkje fakta.
Vil ikkje dei andre kommunale barnehagane måtte få meir bemanning, utbygging av barnehagar og omstrukturering for å kunne ta imot dei borna som ikkje lenger kan gå på hareid barnehage?

  

Frå Anonym:

Totalt galskap å legge ned barnehagen,men det er typisk kommune,bygger stadig nye bygg men tenker ikke på at det skal vedlikeholdes

 

Frå Anonym:

Tida er inne for å legge ned Hareid barnehage!

Det burde ikkje finnast to alternativ i denne saka. Å skulle renovere og fikse eit gamalt og slete lokale, er meiningslaust og tull når kommuneøkonomien er dårleg.

Det finnast gode alternativ for bhg plass, og tenkjer det er ledig kapasitet i den flotte Norlandia barnehagen på Holstad- som også ligg sentrumsnært.
Der er det stort og godt fagmiljø og fokus på trygge og glade barn! Satsningsområder som er in i tida, GoGreen, JUMP og MatMedSmak. Personale med god erfaring og mykje kjærleik til "ditt" barn!

Sel bygget til Hareid bhg til høgstbydande og gå vidare- løft blikket og sjå dei gode alternativa som berre ligg å ventar !

 

Frå Anonym:

Dette er tull. Blir for dumt å skulle invistere mye i Hareid som reiselivsmål, samtidig som det kuttes i nødvendige tjenester som barnehage/skule som faktisk gjer at folk busetter seg på Hareid.

  

Frå Anonym:

Legg ned Hareid barnehage. Den skulle ha vore nedlagt for mange år sidan.

 

Frå Anonym:

For oss som har barn i barnehagen er det kritisk vi vurderer å flytte fra kommunen pga der er ingen fullgode alternativ.

 

Frå Anonym:

På tide å sjå nye løysningar.Syverplassen er bygd ut,men er vel mest areal til kontor og garderobeplass? Det klarer vel ikkje å dekke opp behovet. Kva med den private barnehagen som tidlegare bygde ut for å bidra med nok barnehageplasser i kommuna? Korleis kan èin samarbeide med dei istedenfor å sjå dei som èin konkurrent?

 

Frå Anonym:

Har hørt fra foreldre i Norlandia Holstad at der står en avdeling ledig/tom. Hvorfor ikke samarbeide med den barnehagen istedenfor å bygge nytt/utvide andre plasser. Godt med bemanning og oppdekt med pedagoger der.

 

Frå Anonym:

Utrulig dårlig av Hareid kommune å vil legge Hareid barnehage. Først og fremst forhasta, og dårlige unnskyldinga av kommuna. Kanskje liten barnehage men veit att dei ansatte ser kvart barn og kvardag. Og dei ansatte er utrulig dyktige i jobben dei gjere. Og for en utrulig fint plassering mtp tur til hovlidbana og håbakkknotten og andre plassar og nydelig utsikt til fjell og fjord. Har sjøl en gut som går i barnehagen og ser godt kor han trivast i liten barnehage og trygge gode ansatte som jobbar i barnehagen.

 

Frå Anonym:

Nei til nedlegging av Hareid barnehage.

 

Frå Anonym:

Eg er i prinsippet i mot nedleggingar av skular og barnehagar. MEN det er ikkje slik at ungane vil stå uten tilbud. Der er trass alt ein annan kommunal barnehage i Hareid sentrumkrins og i tillegg ein stor privat aktør. Det var meir dramatisk når ein i si tid la ned barnehagen på Hjørungavåg og skule og barnehage på Brandal. Hareid sentrum er framleis ein levande krins utan denne eine barnehagen.

 

Frå Anonym:

Legg ned denne barnehagen

 

Frå Anonym:

Eg synast at det er på høg tid å sjå på barnehagestrukturen (og skulestruktur for den del).
Det er mykje å spare, ikkje berre dei nemte 2 millionane.
Å legge ned Hareid barnehage er det einaste rette denne gongen. Det er meir forutsigbarheit i større barnehagar, der talet på tilsette vert fleire. Det gir fleire fordelar:
- større fagmiljø
- fleire å spele på i høve bemanning/folk på jobb
- enklare å “sy saman dagane” ved fråver
- mindre slitasje på tilsette
- å legge ned Hareid bhg, gir innsparing på vedlikehald på bygg
- større bhg gir meir fleksibilitet
- større bhg gir meir mangfald og valgmuligheit for venskap
- betre fasilitetar
- større mangfald, både språkleg og kulturelt
- salg av bygg gir inntekter til kommuna
- eventuelt omdisponering av bygg?

Syverplassen, Bigset og Norlandia er tre barnehagar som alle er gode!

Men vil framsnakke Norlandia litt ekstra. Barnehagen kan verke stor men har eit fantastisk system med god gruppedeling og god organisering som gjer at det kjennes ut som barna våre er i små einingar. Dei har gode fasilitetar der eg særleg vil trekkje fram samarbeidet med turnhallen.
Dei tilsette er fantastiske!

Poenget mitt er, at det er gode barnehagar som består, sjølv om det forståeleg nok er leitt at vi står i denne situasjon.
Legg ned Hareid Barnehage og gjer eit godt langsiktig valg for barna i Hareid kommune.

 

Frå Anonym:

Ja til renovering av Hareid barnehage.
Hareid kommune har her kun tenkt økonomi og ikkje på BARNA sitt beste. Og det e framtida vår dei små som går i barnehagen. Og det er ikkje bra for barna eller foresatte å måtte flytte barnehage på tvang.
Veit att foresatte er veldig fornøgde med barnehagen og dei tilsette.

 

Frå Anonym:

Nei til nedlegging av Hareid barnehage.

 

Frå Anonym:

Finn noke anna og spar penger på. Det er altid dei svake dvs eldre og barn det skal spares på. Skuffa....

 

Frå Anonym tilsett i Hareid kommune:

Svært skuffa over att Hareid kommune vil legge ned Hareid barnehage. ja til renovering av barnehagen

 

Frå Anonym:

Heilt bak mål å vurdere å legge ned ein barnehage i ei kommune som har lyst at fleire barne familiar skal busette seg her! Det skal ikkje gi profitt å drive barnehagar, skular og sjukeheim! å sidan Hareid Barnehage er den minste barnehagen i Hareid Kommune så er den også billigast i drift. Nedkutting på skulane og sjukeheimen og no vurdering av å leggje ned ein barnehage er total galskap! Sjå nede på rådhuset fyst og fremst! Dykk treng ikkje ein assistent til ein assistent. Det mest framtidsretta her er er å vurdere eventuelt ein stor sentrumsbarnehage som det var prat på for nokre år tilbake i tid. Syverplassen har ikkje utbygd for fleire barneplassar, det er kontor og garderobe til personell! Det optimale i framtida er ikkje nødvendigvis småe barnehagar, men alle barna blir vertfall kjende med alle i barnehagen, dei blir sett, høyrt og verdsett for den dei er kvar dag i motsetning til å plassere barna dine på eit rulleband på Norlandia eller viss Hareid Barnehage eventuelt blir lagt ned at barna som ender på Syverplassen må starte på D vitamin!
Her er det nok mykje anna Hareid Kommune kan spare pengar på enn å kutte ned på fantastiske og ikkje minst viktige tilbod for barnefamiliar!
Det dykk skriv om at Barnehagen er bygd i 1976 er også delvis feil, sidan eine bygget er frå 90 talet!
Det Hareid kommune har gjort no i det siste VIL føre til at folk blir å flytte frå Kommuna!
Dei so set på rådhuset med pengane kommune ein gong hadde skulle hatt fyken for lenge sida, samt grunnkurs i matematikk og logistikk!