Måndag 21. oktober:
Fyrste arbeidsmøtet med formannskapet. Då skal kommunedirektøren leggje fram rammene for 2025 for medlemmane i formannskapet og leiarane i hovudutvala. Dei folkevalde vil her få høve til å seie litt om kva dei ynskjer å prioritere / nedprioritere.
Dette møtet, og alle dei andre folkevalde møta, er opne for publikum. Formannskapsmøte og kommunestyremøte blir også strøyma.
Måndag 4. november:
Andre budsjettmøte formannskapet. Her vil endå meir av rammene og kuttforslaga vere klare. Administrasjonen vil ta med seg dei signala som kjem fram, inn i det vidare arbeidet for å finne kutt.
Her er alle dei moglege kuttforslaga som kommunedirektøren har funne. Dette er ikkje eit forslag, men viser til moglege kuttforslag.
(Du finn kutta ved å trykke på dei tre strekane øvst til høgre. Her er kutta sortert etter sektor.)
Tysdag 19. november:
Felles møte med næring og miljøutvalet, levekårsutvalet, eldrerådet, råd for menneske med nedsett funksjonsevne og ungdomsrådet der kommunedirektøren legg fram sitt budsjettforslag. Sakspapira til dette møtet skal forhåpentlegvis vere klare éi veke før, men erfaringane seier at det kan halde hardt.
Normalt sett blir ikkje møta i hovudutvala sendt, men for fellesdelen i dette møtet gjer vi eit unnatak, sidan saka er så viktig.
Måndag 25. november:
Formannskapet får lagt fram kommunedirektøren sitt budsjettforslag. Formannskapet skal i møtet leggje inn sine føringar og endringar. Det er dette budsjettframlegget (formannskapet sitt) som blir sendt ut på høyring.
Møtet blir strøyma.
26. november-10. desember
Pluss-minus ein dag eller to.
Høyringsperiode. Budsjettframlegget frå formannskapet skal ligge ut på høyring i to veker. Då har alle høve til å kome med sine innspel til budsjettet. (Det vil kome meir informasjon om korleis sidan.)
Torsdag 12. desember:
Kommunestyret skal vedta budsjettet. Møtet blir strøyma.
Har du innspel?
Sjølv om det er lagt opp til offisiell høyring, er det ingenting i vegen for å ta kontakt med dei folkevalde når som helst i prosessen for å dele dine innspel. Her er kontaktinformasjon til dei.
Du kan også sende e-post til postmottak@hareid.kommune.no med innspel når som helst, om du har.