Tinashe Williamson løftar kampen mot rasisme på Hareid

Tinashe Williamson løftar kampen mot rasisme på Hareid

21. oktober kjem forfattar, skodespelar og modell Tinashe Williamson til Hareid med si personlege forteljing om kvifor det er viktig at vi står opp mot rasisme.

portrett av Tinashe Williamson - Klikk for stort bilete Truls Qvale

Ho skal ha to arrangement på Hareid. Det eine blir i skuletida på ungdomsskulen for elevane og lærarane der. Det andre blir eit ope arrangement på Hareid folkebibliotek klokka 18. Til det siste er føresette og leiarar i barne- og ungdomsorganisasjonar særskild inviterte.

«Jeg har også en drøm» er tittelen på foredraget hennar. Ho skildrar det slik:

«Det er ei personleg forteljing om kvifor det er viktig at vi snakkar om rasisme og antirasisme. Kvifor er mangfald og representasjon så viktig? Og korleis kan vi saman som samfunn rekke opp handa og vere gode allierte i kampen mot rasisme.»

 

Skildrar kvardagsrasisme

Kultureininga i Hareid kommune, ungdomsskulen, biblioteket og Hareid idrettslag samarbeider om forfattarbesøket.

- Biblioteket som uavhengig møteplass skal vere ein arena for offentleg samtale og debatt, så det er flott at dette arrangementet vert lagt til biblioteket, seier biblioteksjef Anne Vasstrand.

Mange tenker nok at det ikkje finst rasisme blant oss, så dei personlege historiene til dei som opplever rasisme kan vere ein viktig korreksjon til dette verdsbiletet.

- I boka «Håndbok for unge antirasister», som Tinashe gav ut for nokre år sidan, synes eg ho skildrar godt følgjene av det ho kallar kvardagsrasisme. Ho samanliknar rasistiske kommentarar som regndropar. Vi blir ikkje våte av éin drope, men når dei blir mange, kan vi bli søkkvåte, fortel Vasstrand.

 

Langsiktig arbeid

Elevane på ungdomsskulen har budd seg til besøket med å jobbe seg gjennom Tinashe Williamson si bok «Håndbok for unge antirasister».

- Det er mykje skjult rasisme i samfunnet vårt gjennom media, digitale flater og i dagleglivet. Som rektor er eg difor takknemleg for at vi som lokalsamfunn set dette på dagsorden. Endring av haldningar og handlingar er eit langsiktig arbeid. Vi treng brei oppslutning og deltaking for å lukkast med dette, seier rektor Kaldhol.

 

Idretten speglar samfunnet

Cecilie Bjørlykke, nestleiar i Hareid idrettslag er veldig glad for å vere med på samarbeidet. Idrettslaget har eit stort ansvar for å inkludere alle.

- Idretten speglar samfunnet på godt og vondt, og utfordringar og utviklingstrekk i samfunnet vil vi derfor også finne i idretten. Vi har derfor ei viktig rolle i kampen mot rasisme og diskriminering og for å bidra til ein positiv utvikling gjennom inkludering, seier Bjørlykke.

 

Tilskot

Hareid kommune har fått tilskot til arrangementet frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) gjennom ei tilskotsordning for tiltak mot rasisme, diskriminering og hatefulle ytringar.