Vi ser etter meddommarar til tingretten og lagmannsretten

Vi ser etter meddommarar til tingretten og lagmannsretten

Kan du tenke deg å utføre ei viktig samfunnsteneste, eller kjenner du nokon som kan passe i rolla? Gi oss beskjed.

Kva er ein meddommar?

Ein meddommar er ein person utan juridisk utdanning som deltek i behandlinga av ei rettssak på lik linje med domstolen sine eigne dommarar (fagdommarar).

Eit viktig rettsprinsipp i det norske rettssystemet er at ein skal dømmast av sine likemenn. Det blir sett på som ein garanti for rettstryggleiken at vanlege folk deltar i retten og dømmer i straffesaker. Meddommarar deltar i straffesaker i tingrettane og lagmannsrettane. Meddommarane er med på å vurdere om den tiltalte er skuldig og kva slags straff vedkomande eventuelt skal få. I avgjerda tel meddommarane sine stemmer like mykje som fagdommarane sine stemmer.

Du kan lese meir om meddommarordninga på domstol.no.

Her kan du sjå ein video som forklarer kva en meddommar er og gjer:

 

Kor ofte vil ein meddommar møte i retten?

Talet på saker og korleis du blir peika ut kan variere ut frå kva slags type meddommar du er. Som alminneleg meddommar deltar du vanlegvis i 1-3 saker per år. Uttrekket skjer digitalt og tilfeldig.

 

Kven skal veljast

Samla skal Hareid kommune velje over 30 meddommarar til tingretten, lagmannsretten og jordskifteretten.

Det er eit mål at dommar-utvala skal spegle befolkninga i kommunen. Nasjonale tal viser at enkelte grupper er dårleg representerte.  Vi ser derfor særskild etter personar frå desse gruppene:

  • personar mellom 21 og 40 år
  • personar med innvandrarbakgrunn
  • studentar eller pensjonistar

Kjønnsbalansen er teke vare på ved at det skal veljast like mange menn som kvinner.

Vi har allereie fått inn fleire som har meldt seg, men flest kvinner. Derfor oppmodar vi menn om å melde seg.

Kva krav blir stilt til meddommarar?

Det blir stilt krav til enkelte krav til dei som skal veljast til meddommarar:

Dei må

  • snakke og forstå norsk, og elles vere personleg eigna til oppgåva
  • ha fylt 21 år og vere under 70 år når valperioden startar (1. januar 2025)
  • ikkje vere frådømd stemmeretten
  • ikkje vere under offentleg gjeldsforhandling, konkursbehandling eller i konkurskarantene
  • stå innført i folkeregisteret som busett i kommunen når valet blir gjennomført
  • vere norsk eller nordisk statsborgar, eller ha stått registrert i folkeregisteret som busett i Noreg dei siste tre åra
  • ikkje vere dømd for visse straffbare forhold.

Det er ønskeleg med normal, god digital kompetanse.

Den som blir vald må vere personleg eigna og ha eit funksjonsnivå som ikkje er til hinder for å bli vald.

Nokre yrkesgrupper kan ikkje vere meddommar, mellom anna stortingsrepresentantar, tilsette i Justisdepartementet, påtalemakta og politiet, eller praktiserande advokatar. 

 

Korleis melder du deg eller nominerer kandidatar?

Du kan både melde deg sjølv eller føreslå kandidatar du meiner vil vere gode meddommarar.

Send epost til postmottak@hareid.kommune.no.

Fortel litt om deg sjølv eller den du nominerer.

Ny frist er sett til 1. mai 2024.

 

Kan eg få fritak frå å vere meddommar?

Det er generelt strenge krav for å få fritak som meddommar. Ein person kan krevje seg fritatt dersom helsetilstanden eller andre særlege forhold tilseier det.

Yrkesmessige og økonomiske forhold vil kunne vere ein særleg grunn, og vere grunnlag for fritak.

Personar som har vore meddommarar minst to periodar tidlegare, kan krevje å få fritak.

  

Korleis blir prosessen fram til meddommarane er valde?

Det er kommunestyret som skal velje meddommarar. Fristen er 1. juli, så innan junimøtet skal valet skje.

Det er valutvalet i kommunen som finn kandidatane til meddommarutvala. Valutvalet består av representantar frå alle partia som er representert i kommunestyret.

Dei vil få tilgang til alle som melder seg sjølv, og alle som blir nominerte. Så vil dei saman peike ut dei kandidatane dei meiner er best skikka, samstundes som dei prøver å få til dommarutval som speglar befolkninga.

Så vil formannskapet leggje ut forslaget til ettersyn på nettsidene til kommunen. Dei føreslåtte kandidatane vil bli direkte informert om at dei er føreslåtte, med informasjon om moglegheita for å bede om fritak. Parallelt vil vi få ei vandelvurdering frå politiet på dei føreslåtte kandidatane.

Når høyringsfristen er ute, eventuelle fritak er handsama, og vandel sjekka, vil kommunestyret handsame saka og velje meddommarane. Planen er at dette skal skje i møtet 23. mai.