INGEN grunn til stress!

INGEN grunn til stress!

Det er ei glede i år igjen å kunne tilby deg å låne ein kalendarsekk fylt opp med 24 bøker, - ei bok å lese saman kvar dag fram til jul.

Dei flotte sekkane er sydd av Karete Rantapelkonen av gjenbruksmateriale; - gamle dukar og gardiner frå Gjenbruk, Brukt & Billig på Hareid.
Ein gratis julekalender av gjenbruk, med timar av lesehygge og tid saman. Betre kan det vel ikkje vere?
Bøkene i sekkane er tilpassa førskuleborn og her er det fyrst til mølla!