Samarbeidet med Hareid mållag er uvurderleg!

Samarbeidet med Hareid mållag er uvurderleg!

Hareid mållag står for høgtlesing for born på biblioteket kvar einaste laurdag gjennom skuleåret.

Mållaget finn frivillige til å lese og dei frivillige vel sjølv kva dei vil lese. Dei får hjelp av biblioteket til å finne gode høgtlesingsbøker, om dei ynskjer det.

Ida Ljønes Grismtad held opp barneboka Besefarøya - Klikk for stort bileteEin av dei frivillige lesarane: Ida Ljønes Grimstad Hareid folkebibliotek

Det vert alltid vist bilete frå bøkene på storskjerm og det har blitt ein populær aktivitet for småbornsfamiliar på Hareid å få med seg høgtlesingsstunda laurdagane.  Her får dei både ei fin stund med opplesing av gode bøker og det er ein sosial treffstad for små og store.

Bøkene som vert lese passar best for born frå om lag 4 år, men er hjarteleg velkomne.

I sommar er biblioteket stengt laurdagane, så høgtlesinga startar opp att laurdag 24. august.

Vi takkar Hareid mållag for det gode samarbeidet!

Hareid mållag på Facebook