Som eit streif av ein dråpe. Onsdag 16. oktober, kl. 20

Som eit streif av ein dråpe. Onsdag 16. oktober, kl. 20

Visekveld i Hareidsstemna v/Ronald Øvrelid.

Vi er på plass med ein ny visekveld. Denne gongen har vi fått med oss sjølvaste Lars Øverås.

Lars har i over 40 år spelt i forskjellige band i Ålesundsområdet. I tillegg har han spelt med
forskjellige kor, korps revy- og teatergrupper.

Sjølv om det stort sett har vore pop og rock han har spelt, har han alltid hørt mykje på norske
visesongarar som Jan Eggum, Stein Torleif Bjella, Trygve Skaug, Alf Prøysen osv.
Då Ålesund Viseklubb vart starta, blei han med i husorkesteret på Teaterfabrikken. Det var her han
for første gang tok steget frå å stå bak på scena og spele bass, til å stå framme å synge og spele
gitar. Først andre sine viser, etter kvart eigne viser.

Hausten 2023 gav han ut sitt første album. Albumet «Berre du og eg» består av ti viser med
tekster på nynorsk. Songane handler om relasjoner mellom mennesker, vaksen kjærleik og levd
liv. På konserten vil han spele både songar frå plata og nye viser som enno ikkje er utgjevne.

I tillegg vi Tormod Engen glede oss med sine skråblikk- viser, og det er ikkje umogeleg at Ronald Øvrelid dreg i gong eit par viser også sidan han er der likevel.

Arrangør: Ronald Øvrelid

Inngang kroner 200,- ved førehandskjøp Hareidstemna, eller Vipps i døra.

Sjå Facebookarrangementet her.