Adventshelg på Hareid

Adventshelg på Hareid

Mykje kjekt på Hareid første helga i advent!

 

Vi startar fredag 29. november klokka 18.00 med Førjulsfest i Parken. Det blir korpsmusikk, apell, gang kring juletreet og gratis julegløgg, klementinar og pepparkaker. Vi skal tenne juletreet, julestjerna i Melshornlia, julegata og lys ellers i sentrum. Vi avsluttar med fakkeltog til kyrkja der alle er invitert til å sjå julespelet “Julenatt i stallen”.

Laurdag 30. november klokka 11.00 brakar det laust med julemarknad i Kjøpmannsgata. Mykje spennande å sjå! Det blir utescene med underhaldning, Frivilligprisen skal delast ut og ikkje minst, nissen kjem!

Ta turen til Hareid denne helga!

 

Program for helga

Førjulsfest i Parken fredag 29.november kl 18.00

  • Tenning av julelysa i sentrum og stjerna i Melshornlia  
  • Apell og gang kring juletreet
  • Gratis julegløgg, mandarinar og pepperkaker     
  • Hareid skulekorps, loddsal og musikkinnslag      
  • Fakkeltog til kyrkja

 

19.00:  Julespel i kyrkja ”Julenatt i stallen”                     

 

Julemarknad i Kjøpmannsgata laurdag 30.november kl 11.00 - 16.00

11.00 Julemarknad opnar med mat -og handverksboder m.m 

11.00 Julenissen kjem med båt til gjestebrygga/saunaen med overraskelse til borna 

12.00 Nissen les til borna i Kjøpmannsgata

11.00 -16.00 Hareid kunstlag med legoutstilling og 12.30 Intervju med Olav Helt Brubakk (Kjøpmannsgata 27)

12.30-13.30 Aktivitetar på kyrkjelydshuset 

12.30-15.00 Musikkinnslag på scena: Gollj og Gråstein, Corsonus, Amalie Leine,  Jetmund Liaset-Rætta, Ukrainske songarar, Hareid Musikk og Kulturskule, Torill Oda, Kristin og David 

15.00 Utdeling av Frivilligprisen frå scena 

Hapark tilbyr gratis parkering på Rådhusplassen, Bankplassen, taket på Coop og bak Mjøl og Meir