Broad Line på Seinsommarfest 2024

Broad Line på Seinsommarfest 2024

Eit av banda i trippelkonserten 2024

Bilde av Broad Line privat

 

 

 

 

 

 

 

Vi er heldige og får besøk av Broad Line i år også.

 Dei skapte god steming i fjor og vi gler oss til dei kjem tilbake!

 

Presseomtale Broad Line:

Broad Line starta opp si musikalske reise I 1978 med ein gjeng smågutar. Med heimelaga lys og stort pågangsmot. Broad Line vart etter kvart eit svært renommert band som har gleda folk i 40 år.

Utgangspunktet er då som no. Lidenskap for musikken, speleglede og gi dansefoten eit rykk når publikum skal motiverast fram på golvet.

Broad Line spelar autentisk og så likt originalmaterialet frå 80-talet som mogeleg. Broad Line skaper stemning og får publikum til å være med på leiken. Med lang erfaring blir det show, allsong og magiske musikalske opplevingar.

80-musikken er for Broad Line stemningsskapande og tidlaus.

Her syng alle med !