GENERASJONSLEIKANE

GENERASJONSLEIKANE

Moro i parken!

Hareid kommune er med på Aktivitetslaurdag med Generasjonsleikane, og 22. juni blir det leik og moro på tvers av generasjonar i parken i Hareid sentrum.

Det er heilt gratis å delta, og premie til alle! Det blir også ein ekstrapremie til det laget som har størst aldersspenn!

Generasjonsleikane er eit samarbeidsprosjekt mellom Hareid sanitetslag, ungdomsrådet, eldrerådet, ressurssenteret og eining for kultur i Hareid kommune. Det blir ulike postar med aktivitetar i parken, og fokuset vil vere på meistring og samarbeid. Det vert enkle aktivitetar som er slik at alle skal kunne delta – uansett fysiske føresetnadar. Laga som skal delta skal ha minimum to generasjonar. Det treng på ingen måte å være et «familielag». Her kan ein invitere med seg ein god nabo, studievennar eller kollegaer. Det kan vere 2-5 deltakarar pr lag. Ein kan også melde seg på åleine, eller berre møte opp, så blir laga satt saman.

Har du allereie eit lag klart? Meld det på ved å sende e-post til Melinda.skeide@hareid.kommune.no

Takk til Bufdir for midlar til å gjennomføre arrangementet.