Dette kan bli deg!

Dette kan bli deg!

Ok, vi skal vere dei fyrste til å innrømme at vi ikkje kan tilby dette vêret 365 dagar i året, men slike dagar kjem. Dei kjem. Og når dei kjem, så er Overåsanden i Hareid kommune kanskje den beste staden på heile Sunnmøre, ja, kanskje i heile Noreg. Og då er det dumt om du sit fast nede i Oslobygda, Trondheim, Bergen, eller Ålesund for den saks skuld.

Mann på rosa flytemadrass på Overåsanden - Klikk for stort bileteOveråsanden - den finaste stranda i Noreg?

 

Kanskje du kjenner det rykker litt i heimflyttarfoten når du ser bileta på Insta eller Snap?

Kanskje einebustaddraumen blir litt sterkare der du sit i treromsleilegheita? (Som sjølvsagt er ulideleg varm når sommarsola gir maks.)

Kanskje pendlarrutinen kjennest litt meir irriterande?

 

Men kva med dei andre dagane då, spør du? Dagane då vêret ikkje er like reklamevenleg. Dagane då tida ikkje strekk til og skuldrane ikkje er låge nok til å slenge seg på ein rosa flytemadrass, duvande på krystallklart vatn.

Spørsmålet er svært forståeleg, for det er jo desse dagane det er flest av. Men motspørsmålet blir då: Kva gjer du som bybuar på desse dagane? Det blir fort sofaen etter at ungane har lagt seg likevel, eller? (Sjølv om kleda skulle vore lagt saman, golvet vaska og middagen preppa for morgondagen…)

 

Tida. Den som ikkje strekk til. For døgnet har berre 24 timar - og det er jo likt uansett kvar du bur, eller? Tja, kva om vi tilbyr deg ein halvtime ekstra kvar dag her på Hareid? 

Kor mykje ville ikkje det vore til hjelp? Kor mykje ville ikkje det vore verdt?

 

Ikkje mogleg, seier du. 

Joda, du har rett i at døgnet har 1440 minutt også her. Men når du har gjort alt du må gjere i kvardagen, så kan du sitje igjen med minst 30 minutt her på Hareid, versus tida du ville brukt på aktivitetane i storbyen.

Døme: I Oslo er det normalt å bruke meir enn 30 minutt til jobb. På Hareid kan du bruke 10. Når du skal besøke ein kompis i nabobydelen i Oslo tek det minst 20 minutt. Her når du alle venene dine i heile kommunen på 10. Når du skal levere i barnehage blir det fort 15 minutt omveg i Oslo. I Hareid er det 5 minutt på veg til jobb. Du skjønar teikninga?

 

Så kva ville du brukt desse minutta på? Trent på treningssenteret eller golfbanen? Gått på ein av dei mange, flotte fjelltoppane våre? Tatt opp igjen ein gamal hobby som songar eller musikant? Tatt ein kaffi på kafeen med vener? Eller berre slappe av – gjerne på ein rosa flytemadrass på den finaste stranda i verda.

 

Og forresten, når du skal ligge der og kople av på flytemadrassen, så bør du få nokon til å sjå etter ungane. Kanskje det er nokre besteforeldre i nærleiken som kan ta ein tørn?

 

Hareid kommune har starta opp arbeidet med å byggje ut eit stort bustadfelt på Plassane. Dette er utsiktstomter sentralt plassert i kommunen. Les meir om prosjektet her. 

Dersom du er interessert i å få vite meir om desse tomtene, kan du sende ein e-post til aina.giskeodegard.balsnes@hareid.kommune.no. Vi vil då registrere e-postadressa di, slik at vi kan sende deg informasjon om prosjektet og salsprosessen.