Hareid er 5-minuttsbygda

Hareid er 5-minuttsbygda

Frå Hareid er det kort veg til alt du treng i kvardagen, og meir til.

Dronefoto av Hareid sentrum retning ytre. - Klikk for stort bilete Erlend Friestad

15-minutts-byen, er byplanleggarane sin ferske draum. Storbyar verden over prøver å gi innbyggarane det dei treng ­i kvardagen berre nokre minutt i gåavstand frå der dei bur.

Hareid vil aldri bli ein ­15-minutts-by, men 5-minuttsbygda det er vi, rett nok ved hjelp av bil innimellom.

  • Likar du å gå i fjellet? Stien opp er berre fem minutt unna!

  • Treng du å handle? Du kjem deg til butikken på fem minutt!

  • Er det du som leverer i barnehage? Fem minutt, så er du der!

  • Går ungane på skule? Det held at dei kjem seg ut døra fem på skulestart!

  • Skal du trene? Dørstokkmila er mykje kortare når treningssenter og idrettsanlegg er fem minutt unna!

  • Glad i kort veg til jobb? Fem minutt er innan rekkevidde!

  • Er du ein strandløve? Fem minutt, så kan du leggje på svøm frå det vi meiner er beste stranda på Sunnmøre!

(Les meir under biletet)

To kajakkar dratt opp på Overåsanden, monumentet i bakgrunnen. - Klikk for stort bileteOveråsanden er ein av dei flottaste strendene på Sunnmøre. Erlend Friestad

Sjølvsagt vil avstand til Hareid sentrum påverke tidsbruk, men Hareid kommune er ein komprimert ­kommune med berre 10 minutt frå alle ytterkantar og inn til sentrum.

Det er heller ikkje langt til andre sentrum frå Hareid. Ulstein sentrum er 15 ­minutt unna, Ålesund 25 med hurtigbåt, Moa 40 med ferje og bil, Fosnavåg 40 og Volda og Ørsta 45. Heilt overkomeleg tidsbruk til ­kvardags, og ikkje meir enn det mange Oslo-folk brukar for å kome seg til og frå jobb.

Resten av Noreg, og verda, er heller ikkje langt unna. Frå ­Hareid sentrum er det under timen frå dør til gaten både på Ålesund lufthamn og Ørsta-Volda lufthamn.

Fjellvandrarar på veg ned på Sneldelia - Klikk for stort bileteLikar du å gå tur ute, er det enormt med moglegheiter på Hareidlandet, både oppover og bortover - her frå Sneldelia, med Sunnmørsalpane i bakgrunnen. Erlend Friestad