Pålhaugen omsorgsbustadar: No er kontrakten signert!

Pålhaugen omsorgsbustadar: No er kontrakten signert!

Det var den lokale entreprenøren HS Rise Bygg som vann anbodet om å få bygge omsorgsbustadane på Pålhaugen.

Sjå biletetekst - Klikk for stort bileteOrdførar Bernt Brandal og Lars Ove Mork i HS Rise Bygg gir kvarandre eit handtrykk etter kontraktssigneringa. Konstituert kommunedirketør Bent Arild Grytten til høgre. Erlend Friestad Akritektteikning av Pålhaugen omsorgsbustadar - Klikk for stort bileteSlik vil omsorgsbustadane sjå ut frå sør.

- Eg er veldig glad for å få signere kontrakten som set i gang dette viktige prosjektet. Det har vore etterlengta av brukarar, pårørande og tilsette svært lenge. Dette anlegget skal gi betre tenester og forhold både for brukarar og tilsette. I disse tider er det også verdt å nemne at drifta vår vil bli meir effektiv når Pålhaugen er på plass, sa ordførar Bernt Brandal då han signerte kontrakten.

Ved sidan av han sat dagleg leiar i HS Rise Bygg, Lars Ove Mork. Det var nemleg ein lokal entreprenør som vann anbodet – i konkurranse med store nasjonale entreprenørar.

- Det flott at dei lokal kan hevde seg slik, seier ordføraren, som legg til at Hareid kommune har gode erfaringar med HS Rise.

Dei har mellom anna bygd helsehuset, stått for renoveringa av rådhuset og påbygg på Syverplassen barnehage.

- Det er veldig flott for HS Rise bygg å få vere med på eit prosjekt som er så viktig for kommunen og dei som skal bruke anlegget. Vi håpar på godt samarbeid vidare, seier Lars Ove Mork, dagleg leiar i HS Rise bygg.

Offisiell «fysisk» byggestart blir i oktober november. Fram til då vil det bli jobba med naudsynte søknadsprosessar og detaljprosjektering med brukarar, tilsette og pårørande.

Kontrakten har ei ramme på 137,6 millionar kroner inklusiv moms. Det er innanfor budsjettet som er vedteke. Totalt låneopptak blir på 111 millionar kroner.

Dersom alt går etter planen vil Pålhaugen omsorgsbustadar stå klar sommaren 2026.

Her kan du sjå ein presentasjon av prosjektet frå eit informasjonsmøte tidlegare i juni: