Etter lov om kommunale helse- og omsorgstenester §7-3, skal det vere ei koordinerande eining for habilitering/rehabilitering i kommunen. Koordinerande eining skal bidra til heilskaplege og koordinerte tilbod til pasientar og brukarar med behov for tenester frå fleire fagområde, nivå og sektorar.
I Hareid kommune er Koordinerande eining eit tverrfagleg team som består av einingsleiar for helse- og koordinerande eining, leiande helsesøster, kommunefysioterapeut og kommuneergoterapeut.
Handlingsplan Koordinerande einingar individuell plan og koordinator i Møre og Romsdal (PDF, 701 kB)
Mål for koordinerande eining
- At brukar med behov for koordinerte tenester veit kvar dei skal vende seg for å få hjelp
- At brukar med behov for koordinerte tenester opplever tenestetilbodet som samordna, koordinert og individuelt tilpassa
- At brukar med behov for koordinerte tenester opplever at det vert lagt vekt på brukarmedverknad, og at tiltak og tenester tek utgangspunkt i kvar enkelt sine ressursar
- Sikre gode rutinar for opplæring og utarbeiding av individuell plan og ha oversikt over oppretta individuelle planar i kommunen
Kven kan ha behov for koordinerte tenester?
- Personar som pga. skade eller sjukdom har hatt eit brått fall i evna til å fungere i dagleglivet
- Personar med gradvis fall i funksjonsevna over lengre tid
- Personar med kroniske sjukdomar
- Personar med medfødt funksjonssvikt
- Personar med fysiske, psykiske og sosiale problem
Les meir om tenesta på helsedirektoratet sine sider.
Publisert 26.10.2018 10:07
Sist endra 12.10.2023 13:51