FELLESFYRVERKERI:

innsamling til fellesfyrverkeri vipps til 582357 - Klikk for stort bilete

Inviterer til grundertreff på Hareid

Inviterer til grundertreff på Hareid

Vekst i Hareid, Hoppid.no og Hareid kommune inviterer alle som ønsker å etablere næringsverksemd i kommunen til samlingar for inspirasjon og kunnskapsdeling.

Pexels.com  

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

 


Hareid kommune, Vekst i Hareid, landbrukskontoret og hoppid.no går inn eit samarbeid for å bidra til at fleire tek steget frå idé til kommersialisering. Vekst i Hareid har teke initiativ til å sette dette samarbeidet på dagsorden for å tydeleggjere det tilbodet som er i kommunen knytt til nyetablering av bedrifter.

Samarbeidet for å satse på gründerar i Hareid har resultert i at ein ønskjer å få til konkrete treffpunkt utover våren der gründerar kan kome i kontakt med verkemiddelapparatet. Den første samlinga blir allereie 4. februar kl 18.00. Då vil tema dekke som skal passe alle aktørar. Deltakarane vil då få informasjon om hoppid.no si ordning og korleis vi kan hjelpe. Det same blir tema på samlinga 8. juni. For samlinga 25.mars vil vi ha eit meir spesifikt tema inn mot landbruk og potensialet som ligg i tilleggsnæring utover tradisjonell gardsdrift. Landbrukssjef Anne Kathrine Løberg fortel at Hareid har eit stort potensial her. Dette kan til dømes vere næring knytt til produksjon, vidareforedling, gardsturisme og så bortetter. Her er det berre fantasien som set grenser.

For å delta på desse samlingane må ein melde seg på. Vi vil avgjere om treffa blir fysiske eller digitale når vi ser kor mange som har meldt seg påp og smittesituasjonen på gjeldande tidspunkt. Det er derfor svært viktig at de tek kontakt og melder interesse så snart som råd.

For påmelding eller andre henvendelsar ta kontakt med prosjektleiar for Vekst i Hareid, Julie Sundgot Andersen på epost jsa@hareid.kommune.no eller på telefon 99 38 10 06.

Ordførar Bernt Brandal, kommunalsjef Kai-Rune Bjørke, landbrukssjef Anne Kathrine Løberg, prosjektleiar Julie Sundgot Andersen og Robert Voldnes frå Hoppid.no ønsker å leggje til rette for grunderar i Hareid kommune. Erlend Friestad