FELLESFYRVERKERI:

innsamling til fellesfyrverkeri vipps til 582357 - Klikk for stort bilete

Kva meiner du: Opningstider og feriestengt SFO

Kva meiner du: Opningstider og feriestengt SFO

Dette er nokre av det som blir bestemt av dei nye SFO-reglane som du no kan seie di meining om.

illustrasjonsbilete - Klikk for stort bilete Pexels.com

SFO-reglane er fastsett i ei lokal forskrift. Når slike forskrifter skal vedtakast, må vi som lagar dei, sikre at alle råka partar har fått høve til å seie si meining. Derfor skal saka på høyring.

Formannskapet handsama saka i møte 25. november og det er administrasjonen sitt framlegg til SFO-reglar, med formannskapet sine endringar som blir sendt på høyring.

 

Kort om SFO-forskrifta

Hareid har kome på Robek-lista. Det er derfor naudsynt å gjere noko med SFO-ordninga for å spare pengar.

Dei viktigaste endringane er som følgjer

  • Skulefritidsordninga på Hareid følgjer skuleåret sine 190 skuledagar og held dermed ikkje ope i nokon av feriane
  • Opningstidene vert redusert frå dagens ordning frå 07.00-16.30, minus tida dei er på skule, til å halde ope frå 08-16
  • Etter avtale med rektor, kan det vere høve til å avtale behov for einskildtimar, utover avtalt tid/opningstid, når det er behov for det eller uføresette situasjonar oppstår.
  • Einskildtimar vil koste 200 kroner stykk.

 

Prisane for SFO er ikkje ein del av forskrifta, men vi informerer om det her likevel. I utgangspunktet er dette forslaget frå administrasjonen:

  • 1.-3. klasse: 12 timar i veka er gratis, 24 timar i veka kostar 1800 kroner
  • 4. klasse: 12 timar i veka kostar 2700 kroner, 24 timar i veka kostar 3600

Dersom du har innspel til gebyrsatsane, må du melde det inn i høyringa til budsjettet. Det kan du gjere her.

 

Her kan du lese forskrifta i si heilskap og sakspapira som følgjer med.

 

 

Slik sender du inn høyringssvar

Frist for å sende inn høyringssvar er 9. januar

Du kan sende inn elektronisk til postmottak@hareid.kommune.no eller per brev til Hareid kommune, Rådhusplassen 5, 6060 Hareid.