Høyring reviderte politivedtekter for Hareid

Høyring reviderte politivedtekter for Hareid

Hareid kommune skal få oppdatert politivedtektene sine.

Erlend Friestad  

Forslaget om politivedtekter ligg tett opp mot «Normalpolitivedtektene» som blir brukt i dei fleste kommunar i Noreg.  Frå normalpolitivedtektene er det ikkje tatt med alle reguleringar som er mogeleg. Eksemplar på dette er tigging, køyring og camping i parkar mv. og pantlånarverksemd. Dette er ikkje teke med då vi ikkje kan sjå at dette medfører store utfordingar i vår kommune.

Kommunestyret var samrøystes i å sende forslag om reviderte politivedtekter ut på høyring.

I denne PDF-en kan du lese forslaget til reviderte politivedtekter for Hareid kommune i si heilskap. Endringar frå gjeldande politivedtekter er markert med gult. (PDF, 334 kB)

  • Høyringsinnspel kan sendast til postmottak@hareid.kommune.no
  • Eller som brev til Hareid kommune, Rådhusplassen 5, 6060 Hareid
  • Høyringsfrist er 31. januar 2022.