FELLESFYRVERKERI:

innsamling til fellesfyrverkeri vipps til 582357 - Klikk for stort bilete

Nettstatistikk, informasjonskapslar og nettbasert behandling av personopplysningar

Nettstatistikk, informasjonskapslar og nettbasert behandling av personopplysningar

Alle opplysningar som vert overført mellom din datamaskin og kommunen sine datamaskiner i skjemadialogar transporterast over en sikra linje. Internt har vi lukka system som handterer personopplysningar etter personvernforordninga artikkel 6.

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Nettredaktøren har det daglege ansvaret for Hareid kommune si behandling av personopplysningar på hareid.kommune.no.

Logging

Opplysningar som vert samla inn i samband med drift av nettstad vert lagra på eigne serverar drifta av SSIKT. Nettstaden er levert av Acos og SSIKT er databehandlar.

Det er berre SSIKT og Hareid kommune som har tilgang til opplysningane som vert samla inn.

Webanalyse

Hareid kommune nyttar google analytics på nettstaden vår. Formålet med dette er å utarbeide statistikk som vi brukar til å forbetre og vidareutvikle informasjonstilbodet på nettstaden. Eksemplar på kva statistikken gir svar på, er kor mange som besøker ulike sider, kor lenge besøket varer, kva nettstad brukarane kjem frå og kva nettleser som vert nytta.

Behandlingsgrunnlaget for dette er  personopplysningsloven § 1 jf. som hovudregel personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 e), nødvendig for å utføre ei oppgåve i ålmenta si interesse eller utøve offentleg mynde som den behandlingsansvarlege er pålagt. Den rettkomne interessa er å betre våre tenester.

Tilbakemeldingsfunksjon

Nedst i artiklane på nettstaden vår finn du ein funksjon der du kan gi tilbakemelding om du fant informasjonen du lette etter, eller ikkje. Vi bruker denne funksjonen for å betre innhaldet på nettstaden. Bruker du denne funksjonen, vert det lagt igjen ein informasjonskapsel på datamaskinen din, denne kan ikkje brukast til å spore meldinga tilbake til deg.

Vi ber deg om ikkje å registrere sensitiv informasjon, ettersom funksjonen ikkje er sikra (kryptert).

Behandlingsgrunnlaget for dette er personopplysningsloven § 1 jf. som hovudregel personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 e), nødvendig for å utføre ei oppgåve i ålmenta si interesse eller utøve offentleg mynde som den behandlingsansvarlege er pålagt. Den rettkomne interessa er å betre våre tenester

Informasjonskapslar

Informasjonskapslar (cookies) er små tekstfiler som vert plassert på din datamaskin når du lastar ned ein nettside. Hareid kommune brukar ikkje informasjonskapslar til å generere statistikk, og vi kan dermed ikkje spore din bruk av nettstaden tilbake til deg som enkeltperson.

Behandlingsgrunnlaget for dette er personopplysningsloven § 1 jf. som hovudregel personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 f), som tillèt oss å behandle opplysingar som er nødvendig for å vareta en rettkomen interesse som veg tyngre enn omsynet til den einskilde sitt personvern. Den rettkomne interessa er å få tenester på nettsida vår til å fungere.

Heimeside

Google analytics

Meir informasjon om google analytics

Skjema

Vi nyttar skjema levert frå Acos

For å identifisere kvar einskild brukar vert det nytta ein cookie som heiter ASP.NET_SessionId. Ei skjemaside som ikkje brukar informasjonskapslar vil heile tida anta at du er ein ny brukar for kvar side du navigerer til, så utan informasjonskapslar vil du for eksempel ikkje kunne logge inn i skjema.

Statistikk- og analysetenester som skjemaløysninga nyttar er Google Analytics:

For å få eit best mogleg inntrykk av kva du svarar og korleis du navigerer i skjema brukar vi verktøyet Google Analytics, som ved hjelp av anonymiserte data fortel oss kor mange som besøker kva skjema. Det vert ikkje sendt data som kan identifisere deg som person til Google.

Google Analytics-verktøyet hjelper oss til å sjå kva som kan verte betre i skjemaa våre. Det kan for eksempel vere å forenkle eit skjema som mange ikkje fullfører. Informasjonskapslar frå Google Analytics er:

_gat, varighet 10 minuttar

_ga, varighet 2 år

Nyhendebrev

Vi sender nyheitsbrev via tenesten Mailchimp. Når du melder deg på nyheitsbrevet godkjenner du at Hareid kommune kan sende ut nyheitsbrev til din e-postadresse. For at dette skal vere mogleg må vi lagre e-postadressen din. E-postadressa vil berre bli nytta til å sende ut nyheitsbrevet. Det vil også bli lagra informasjon om du opnar nyheitsbreva. Denne informasjonen vil ikkje bli behandla på personnivå, men på overordna nivå for å sjå om vi treff med meldingane vi sender ut.

Du kan når som helst melde deg av nyheitsbrevet via lenka nedst i ein av meldingane du har fått frå oss.

Mailchimp har eigne cookies dei nyttar. Meir om dei kan du lese her.

Om du ikkje vil tillate cookies

Om du ikkje ønsker å akseptere skjemaløysninga sin bruk av cookies, kan du endre innstillingane for cookies i nettlesaren din. Det er for eksempel mogleg å be nettlesaren gi beskjed kvar gang cookies vert sendt frå nettstaden du besøker. Du kan også velje å stoppe alle cookies som vert sendt nettlesaren din. Vi gjer merksam på at stopp av alle cookies vil medføre at skjemaløysninga ikkje vil fungere optimalt.

Behandlingsgrunnlaget for dette er personopplysningsloven § 1 jf. som hovudregel  personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 e), nødvendig for å utføre ei oppgåve i ålmenta si interesse eller utøve offentleg mynde som den behandlingsansvarlege er pålagt. Den rettkomne interessa er å kunne behandle førespurnaden din raskast mogeleg og gi deg best mogeleg hjelp.