Val
Kvart fjerde år er det kommuneval i Hareid kommune. Då skal alle representantane i kommunestyret veljast på nytt. Neste kommuneval er hausten 2027.
Dei folkevalde
Her finn du kontaktinformasjon til dei enkelte folkevalde.
Ønsker du å møte dei, har partigruppene møte på rådhuset kvar måndag i forkant av kommunestyremøta. (Sjå meir i botn av denne artikkelen)
Du kan også invitere dei folkevalde til møte med lag og organisasjonar.
Folkevalde møte
Alle dei folkevalde møta er i hovudsak opne for publikum. Dei fleste politiske sakene skal innom minst eit utval før dei hamnar i kommunestyret. Ønsker du å påverke ei sak, er det smart å gjere det så tidleg som mogleg i prosessen. Her finn du oversikt over når kommunestyret og dei andre organa har møte, møteinnkallingar og protokollar. Kommunestyret og formannskapsmøta blir også sendt direkte på nett.
Open talarstol
I forkant av kvart kommunestyremøte er det open talarstol. Då kan alle som er innbyggarar i kommunen gå på talarstolen med meiningsytringar eller stille spørsmål til dei folkevalde eller administrasjonen. Alle spørsmål og innlegg må sendast til ordføraren i forkant. Det kan du gjere her.
Sjå reglementet som gjeld for kommunestyret for fleire detaljar (kapittel C 3.4)
Forslagskasse til dei folkevalde
Alle som ønsker kan sende inn forslag til kommunestyrerepresentantane gjennom forslagskassen. Forslag blir fortløpande sendt vidare til dei folkevalde. I tillegg vil formannskapet éin gong kvart halvår ta opp alle forslaga i ei drøftingssak. Forslag kan du sende inn via denne lenka.
Innbyggarinitiativ
Får du med deg minst 2 prosent av innbyggarane i kommunen – for tida 107 personar – kan du krevje at ei sak skal opp for kommunestyret. Det er sett visse vilkår for å kunne krevje dette. Her kan du opprette eit innbyggarinitiativ og lese meir om ordninga.
Høyringar
I forkant av større politiske saker, til dømes planer og budsjett, skal dokumenta ut på høyring til innbyggarane. På denne sida finn du ein oversikt over pågåande høyringar.
Administrasjon
Har du noko du vil ta opp med administrasjonen eller einingane kan du sende ein e-post til postmottak@hareid.kommune.no så blir han vidaresendt til rette vedkomande.
Veit du namnet på den du vil skrive til, kan du finne kontaktinformasjon her.
Politiske gruppemøte
Gruppemøte blir halde måndag før kommunestyremøtet på rådhuset.
Her er oversikt over roma partia/gruppene oppheld seg på:
- Kommunestyresalen: Folkelista
- «Hjørungavåg»*: Venstre
- «Raffelneset»*: Ap
- «Kvitneset»*: Høgre
- Formannskapsrommet: INP
- Kantina: Frp
* I nordre del / den som vender mot Åsendalen. Nytt sidedøra og gå opp trappa. Eventuelt hovuddøra og døra på bakveggen av kommunestyresalen (men denne er stengt alle andre tidspunkt enn akkurat under desse møta).
Møta er normalt opne for publikum og dørene er opne frå klokka 19.15 - 19.45.