Korleis bør vi løfte reiselivet på Ytre Søre Sunnmøre? Det var det overordna temaet for møtet, som Hareid og Ulstein skipa til i fellesskap på Ulstein bibliotek.
Hareid, Herøy, Sande, Ulstein og Vanylven kommunar står i lag bak eit prosjekt som skal samle regionen i ei felles satsing på reiseliv. Prosjektet skal knyte aktørar med felles interesser saman. Det skal skape nye aktivitetar og opplevingar for turistar i kommunane og på tvers av kommunegrensene.
Vil du ha nyheiter frå Hareid kommune rett i innboksen? Meld deg på nyheitsbrevet vårt!
Brei deltaking
Interesserte privatpersonar, lokale lag og organisasjonar, kommersielle reiselivsaktørar frå området, folkevalde og kommunetilsette var blant dei nær 70 deltakarane på folkemøtet.
Bakgrunnen for prosjektet vart presentert av Ulstein-ordførar Knut Erik Engh, reiselivssjef Tom Anker Skrede i Destinasjon Ålesund & Sunnmøre og Jan Sverre Sivertsen frå selskapet 2469 Reiselivsutvikling.
Sjå opptak av innleiingane til Engh, Skrede og Sivertsen:
Legge til rette for tilreisande
Ordskiftet gjekk føre seg både i grupper og i plenum, og utgangspunktet var fem spørsmål: Kvifor treng vi turistar? Kva har vi å tilby? Kvar og når vil vi ha turistar? Kven vil vi invitere? Korleis får vi tak i dei?
Eit vell av tilbod som vil interessere tilreisande vart løfta fram. Det vart sagt at det er viktig å kople ulike tilbod saman i pakkar og gjere det lett for potensielle tilreisande å finne ut kva dei kan oppleve – og bestille opplevingane.
Det vart også streka under at både etablerte og nye aktørar i reiselivet trengst, og at det er viktig å samarbeide tett over kommunegrensene.
Kvar og når vil vi ha turistar? Det var eitt av diskusjonsemna på folkemøtet. Hareid-ordførar Bernt Brandal (nr. 3 f.v.) summerte opp møtet og la vekt på verdien av å utvikle heile regionen som eitt reisemål.
Svein Arne Orvik/Ulstein kommune
Neste steg: verkstadsamlingar
Innspela frå folkemøtet vert tekne med i det vidare arbeidet med satsinga på reiseliv. Det neste steget i prosessen er verkstadsamlingar der det skal utviklast nye reiselivsprodukt på Ytre Søre Sunnmøre. Seinare blir det også nye folkemøte.
Denne veka er det innleiiande folkemøte også for Herøy, Sande og Vanylven kommunar.